Snøbyger pregar både låglandet og fjellovergangane

SNØ: Rv. 52 Hemsedalsfjellet 2

SNØ: Rv. 52 Hemsedalsfjellet 2 Foto:

Sommardekka er på, frukta er midt i bløminga og snøen er komen attende. Som ein trøyst kan ein sjå til fjellovergangane, dei er stort sett som før.

DEL

Vegtrafikksentralen melder at det stort sett er bart på vegane i låglandet, men at det kan vera glatte parti. Dei har ikkje fått meldingar om glatte vegar i Sogn, men anbefalar vinterdekk over fjellovergangane.

Hemsedalsfjellet, og strekninga mellom Tyin- Årdal er kaldast med -7 grader, laber bris og lette snøbyger.

På Vikafjellet er det stort sett snø- og isdekke, og klokka 05.55 var det -5 grader, frisk bris og lette snøbyger

Mellom Hol- Aurland er det vekslande bart og snødekke. 06.00 var det -4 grader, laber bris og opphaldsvêr.

Filefjell er stort sett bart, med fare for glatte parti. Det er målt -4 grader, lett bris og lette snøbyger.

Artikkeltags