Gå til sidens hovedinnhold

Snø, is og slapsete vegar: – Hald avstand til dei framfor deg

Det har vore ei roleg natt for politiet, men åtvarar om vanskelege forhold på vegane.

– Det har ikkje kome inn nokre meldingar frå Sogn i løpet av natta eller morgontimane, seier Frode Kolltveit på operasjonssentralen i Vest politidistrikt.

Planlegg god tid

På generelt grunnlag uttalar han seg om vanskelege køyreforhold på vegane på grunn av uvêret.

– Det er vanskelege køyreforhold med snø, is og slapsete vegar. Så me ber folk om å avpassa farten og planleggja god tid når du skal ut å køyra.

Mange påkøyrsler

Han minner også om å halda avstand til køyretøy framfor.

– Me ser på nokre av hendingane som har skjedd på vegane i det siste, at bilistane ligg for tett oppi køyretøya framfor. Når ein plutseleg må stoppa så er det fort at det skjer påkøyrsel. Så fartstilpassing, avstand og god tid er nøkkelorda om du skal ferdast på vegane i dag, seier han.

Les også

Uvêr og fleire stengde fjellovergangar

Kommentarer til denne saken