Vestland fylkeskommune som byggherre presenterer denne veka vinnaren av arkitektkonkurransen og gir klarsignal til første spadestikk på Kaupanger.I ei pressemelding fortel prosjektleiar Marianne Jevnaker i ViteMeir litt om kva innhald signalbygget faktisk skal få.
Smakslaboratorium
- Me skal mellom anna opna eit smakslaboratorium, ein såkalla "SmaksLab". Der kan folk i alle aldrar få spanande opplevingar ved å bruka, testa og kanskje utfordra eigne sansar, seier Jevnaker.Lokale produsentar og seljarar av mat og drikke er sjølvsagt involverte i SmaksLab, sidan heile senteret har berekraft som grunnleggjande premiss.ViteMeir skal gje både eit inspirerande og lærerikt tilbod innan realfag til barnehagar og skular og vera eit opplevingssenter for familiar og fritidsgjester. Ambisjonen er å bli eit regionalt vitensenter, noko som blir avklåra før årsskiftet. Men lokale næringsdrivande har også ei viktig rolle.- Det er takka vere pådrivarar frå lokalt næringsliv at me no står her og kan gle oss til opna eit slikt flott senter for innovasjon, sambruk og nettverksbygging, seier prosjektleiaren. Det vil også gje nye arbeidsplassar i regionen.
Formidlarar
- Allereie i desember utlyser me stillinga som formidlingsleiar og me reknar med å rekruttera fleire nøkkelpersonar i løpet av våren. Innan opninga i 2021 skal fleire formidlarar tilsetjast, saman med folk til avdelingar for økonomi, teknisk drift og marknads- og kommunikasjon, seier Jevnaker. Ho gler seg stort.- Det vert ein særs spennande arbeidsplass! Eg og mine nye kollegaer er heldige som får arbeida med eit slikt nytt og unikt tilbod i regionen, eit vitensenter som vil tiltrekkja unge og vaksne både frå lokalsamfunna og turistar, seier Marianne Jevnaker.Byggeprosjektet skal realiserast av Åsen & Øvrelid AS i samarbeid med Arkitektkontoret 4b AS, som vann konkurransen om utforming. Ei investeringsramme for bygget på 140 millionar kroner vart vedtatt av Fylkestinget i Sogn og Fjordane i vår.
Forprosjekt i februar
Sogn og Fjordane fylkeskommune har valt konsept for utbygging av nytt vitensenter og Sogndal vidaregåande skule på Kaupanger. Prosjektet vert organisert som ein totalentreprise med samspel i to ulike fasar, opplyser fylkeskommunen i ei pressemelding. I den første fasen, samspelsfasen, er entreprenøren ansvarleg for å utvikla tilbodet sitt vidare til eit endeleg forprosjekt. Prosjektet går over i fase to, utføringsfasen, når godkjent forprosjekt ligg føre. Det vinnande forslag til løysing er levert av Åsen og Øvrelid AS, og dei signerte kontrakten for samspelsfasen onsdag 27. november. I prosjektgruppa til entreprenøren inngår Arkitektkontoret 4B, Caverion og Sweco. Dei skal no utvikla prosjektet vidare saman med både brukarar (vitensenteret og fylkeskommunen) og byggherren (fylkeskommunen). Det er venta at forprosjektet skal leverast i slutten av februar 2020.Avdelinga til Sogndal vidaregåande skule på Kaupanger har tre utdanningsprogram, vg 2 transport og logistikk, vg 3 yrkessjåførfaget og vg 2 anleggsteknikk. Det er også eit stort behov for kursing av elevar.