Snart kan opptil 50 personar trena saman

Det skjer ei oppmjuking av koronareglane for norsk idrett frå 7. mai.

DEL

Det opplyser Norges idrettsforbund i ei pressemelding.

– Det er gledeleg å melda at norsk idrett får ei oppmjuking av reglane frå og med 7. mai. Då vil inntil 50 menneske kunne vera i aktivitet saman dersom dei held ein meters avstand, seier idrettspresident Berit Kjøll i pressemeldinga.

Mykje idrett opnar opp att

Inntil no har det berre vore lov å vera grupper på fem personar saman og eit krav om at alle held to meters avstand.

Om ei veke er det derimot lov å vera 50 personar på trening eller eit idrettsarrangement. Det nye kravet er at dei må halda minst ein meters avstand, gjerne meir dersom mogleg. Dei nye krava gjeld både utandørs og innandørs. Same dag som oppmjukinga trer i kraft, vil helsemyndigheitene gje ytterlegare informasjon om kva gjeld nærkontakt mellom menneske.

– Dette betyr i praksis at veldig mykje av norsk idrett kan opna opp att i trygge og kontrollerte former. Me er svært glade for at vår konstruktive dialog med helsemyndigheitene har ført fram og at me no ser eit lys i enden av tunnelen, seier Kjøll.

Frå 50 til 200

Helsemyndigheitene vurderer også å auka frå 50 til 200 menneske frå og med 15. juni. Det som blir avgjerande for om dette blir mogleg er utviklinga av talet på koronasmitta i Noreg i tida framover, går det fram i pressemeldinga.

Dersom helsemyndigheitene framleis har kontroll på smittespreiinga vil det forhåpentlegvis vera mogleg å gjennomføra til dømes eliteseriekampar i fotball frå og med 15. juni.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken