VANLEG SYN: Elbilane er eit stadig vanlegare syn på norske veger. Her frå elbilfestival i Geiranger (Foto: Norsk elbilforening).

Snart er ein av ti personbilar på norske vegar elbilar

I 2009 kom målet om at ti prosent av alle bilane i Noreg skulle vera ladbare innan 2020.

Publisert 16.01.2020 kl. 16.30.

No er Noreg i ferd med å innfri målet.


- Grunn til å feira

- Me når tiprosentmålet med god margin. I løpet av dei neste månadane vil me passera den magiske grensa - ein av ti personbilar på norske vegar vil vera reine elbilar, seier Christina Bu, generalsekretær i Norsk elbilforening, i ei pressemelding.


Bu meiner mange har æra for suksessen, og nyttar moglegheita til å skryta av norske politikarar.


- Skiftande regjeringar har haldt fast ved elbilfordelane og synt verda at elektrifisering av bilparken er mogleg. Det er ikkje så ofte ein når ambisiøse politiske klimamål. Norske politikarar har grunn til å feira.


Bu var i 2009 sjølv med på å fastsetja målet, som medlem av Samferdselsdepartementet si ressursgruppe. Gruppa utarbeida ein handlingsplan for elektrifisering av vegtransporten.


Nye mål skal nåast

I 2025 er det eit nytt mål som skal nåast. Eit samrøystes Storting har som ambisjon at alle nye personbilar og lette varebilar skal vera nullutsleppsbilar.


- Nå er det viktig at norske politikarar bli inspirert av eigen suksess og fortsett å vera modige. Elbilen er i ferd med å bli eit reelt val for veldig mange - då er det viktig å halda hovudet kaldt og hjartet grønt. Elbilsatsinga lyt halda fram. Den viktigaste jobben står framfor oss, seier Bu.


Les meir om: Nyhende Trafikk