JOSTEDALSRYPA: 7. november er det urpremiere på Jostedalsrypa, storsatsinga til Sogn og Fjordane teater. (Foto: David Zadig)

Snart er det urpremiere på teaterstykket om Jostedalsrypa

7. november er det urpremiere på teaterstykket Jostedalsrypa i Førdehuset. Om nokre veker kjem førestillinga til Sogn.

Publisert 04.11.2019 kl. 19.00. Oppdatert kl. 19.22.

Stykket handlar om fylket sitt kanskje mest kjende segn, om jenta som overlevde svartedauden og måtte klara seg åleine gjennom vinteren. Innan ho blir funnen neste vår, er ho blitt skjerr som eit vilt dyr. Korleis overlever ho? Og kvar tar ho motet ifrå?

SEGNA: Jostedalsrypa er segna om jenta som overlever svartedauden. (Foto: David Zadig)

- Endeleg

I over fire år har teatersjef Bodil Kvamme jobba med dette som mål for auge. At publikum skal få sjå Jostedalsrypa i ei heilt unik innpakning.


- Endeleg er me klare til å invitera heile familien inn i teateret for å oppleva eventyrmusikalen om Jostedalsrypa. Teksten er poetisk, musikken er fantastisk, karakterane er eventyrlege og handlinga er spennande med glimt av håp og glede i mørketida som står framfor oss, seier teatersjefen i ei pressemelding.


Eventyrmusikal

«Jostedalsrypa - ein eventyrmusikal» er ein ny, nynorsk musikal. Dramatikar Maria Tryti Vennerød frå Sogn og Fjordane har skrive teksten, Julian Skar har komponert musikken og Torkil Sandsund har regien.


Elleve skodespelarar, songarar, dokkeførarar og musikarar er på scena i storsatsinga frå Sogn og Fjordane Teater.


- Eventyrmusikalen om Jostedalsrypa er inspirert av segna, men tar oss med vidare inn i ei eventyrleg og magisk musikalsk verd. Me er vane med å tenkja på Svartedauden som ein av dei dystraste periodane i historia, men gløymer gjerne at det er i den mørkaste timen at lyset kan skine ekstra sterkt. Den heltemodige Rypa finn motet og kreftene til å overleve utan andre menneske gjennom ein lang og kald vinter, heiter det i pressemeldinga.


Mange spelestader

Jostedalsrypa har urpremiere 7. november i Førdehuset. Vidare blir det sett opp 22 framsyningar på 17 ulike spelestader.


26. november kjem stykket til Vik, 3. desember til Årdal og 4. desember til Aurland. Den 5. og 6. desember blir stykket sett opp i Sogndal.


Les meir om: Kultur