(Firda)

Gunnar Jonsson Rafteseth Grimstad frå Ålesund blei funne omkommen i Stryn søndag. Han blei 17 år gammal.

Då politiet oppretta sak karakteriserte dei dødsfallet som mistenkeleg. No er politioverbetjent Vidar Stavik klar på at det er ingen teikn til at guten blei utsett for noko straffbart.

Obduksjonsrapporten tilseier at guten døydde av drukning, bekreftar Stavik til Sunnmørsposten.