Ein av elevane ved Vossestrand barne – og ungdomsskule fekk onsdag 19. mai påvist covid- 19.

Andre elevar og tilsette som vert definerte som nærkontaktar, blir no hurtigtesta og sett i ventekarentene, opplyser Voss herad.

Husstandsmedlemmer til dei aktuelle elevane blir sett i ventekarante. Desse blir kontakta av smittesporingsteamet i løpet av kort tid. For dei andre elevane ved skulen går dagen som normalt.