Eit småfly måtte søndag føremiddag naudlanda på eit jorde like ved E16 i Lærdal. Det skriv Bergens Tidende.
Det var to personar om bord, og dei var på veg til Sogndal då dei fekk problem.
– Alt er bra, og det var ingen personskade, seier operasjonsleiar Stine Mjelde i Vest politidistrikt til BT.
Det var piloten sjølv som varsla om naudlandinga. Ei politipatrulje reiste ut for å sjekka kva som har skjedd.