Slurva med lysa- meld til politiet

DEL

Statens vegvesen heldt kontroll i Sogndal og på Kaupanger onsdag.

Der fekk ein førar gebyr for manglande vognkort på tilhengaren, det vart og bruksforbud på tilhengaren til lysa var reparerte.

Vidare fekk ein varebil bruksforbod grunna overlast. To førarar blir melde til politiet fordi dei ikkje hadde bremselys på tilhengaren. Ein førar blir meld til politiet fordi han ikkje hadde førarrett på vogntogkombinasjonen han køyrde.

15 køyretøy fekk teknisk mangel på lys og ein førar fekk bilbeltegebyr.

Totalt var ni tungbilar stoppa på kontrollplassen og 26 lette bilar blei kontrollerte. 114 blei kontrollerte for beltebruk.

Artikkeltags