Etter ein fantastisk 2018-sesong kom den store nedturen i 2019. Etter kneoperasjon og eitt år på sidelinja er fotballspelar Thea Bjelde (20) endeleg tilbake for fullt – og no er sogndølen tildelt haustens første Furorestipend.

– Det var ein heilt vanleg trening, og så etter treninga kom Synnøve (dagleg leiar i Arna-Bjørnar) borttil meg og sa «kanskje dagen blir litt betre no?». Då gjekk det opp for meg. Utruleg kjekt! seier Bjelde i ei pressemelding.

Det seier Thea Bjelde etter overraskinga på trening med laget sitt, Arna-Bjørnar, onsdag kveld. Torunn Steimler, Sparebanken Sogn og Fjordane sin banksjef i Bergen, tok turen til Arna Idrettsparkfor å overbringe det glade bodskap.

– Dette betyr ein heil del, og det vil komme godt med framover. Og så betyr det mykje for motivasjonen å bli sett. Eg er veldig takknemleg, seier Bjelde.

Stipendet er på 50 000 kroner, og dette er det første av fleire stipend som blir delt ut i haust til talentfull ungdom frå Sogn og Fjordane innan idrett og kultur. Pengane kjem frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, som forvaltar overskotet til banken.

Korsbandet rauk

Midtbanespelaren frå Sogndal har vore i Arna-Bjørnar sidan 2015. Før det spelte Bjelde i moderklubben Sogndal, i tillegg til ein tur innom Kaupanger før turen gjekk til Bergen. Sidan 2017 har ho vore fast på Arna-Bjørnar, og i 2018 slo ho for alvor gjennom då ho vart kåra til årets spelar i klubben.

Alt låg til rette for at 2019 også skulle bli eit jubelår, men slik vart det ikkje. Bjelde rauk korsbandet og måtte gjennom ein operasjon i mai i fjor.

– Det var tøft å få ein så stor skade. Det var ikkje noko eg forventa i det heile tatt, så den kom som eit sjokk. Det har vore ein hard prosess, og spesielt på slutten av opptreningsperioden, seier Bjelde.

Ikkje berre rauk heile sesongen med Arna-Bjørnar, men det gjorde også U23-EM med Norge. No er ho endeleg tilbake.

– Sesongstarten i år blei jo utsett på grunn av korona, og det var jo sånn sett ein fordel for meg med tanke på skaden. Eg hadde ikkje forventa å komme tilbake å spele 90 minutt så kjapt, men det har gått greitt. Eg gjer så godt eg kan, seier Bjelde og smiler.

– Stor tru på at ho blir ein landslagsprofil

– Me er veldig imponerte over måten Thea har kome tilbake på og igjen blitt ein viktig spelar for Arna Bjørnar i år. Tross sin unge alder har ho absolutt oppnådd mykje på fotballbana allereie, og me gler oss til å følgja utviklinga vidare. Me har stor tru på at ho vil bli ein profil i åra som kjem både på klubblag og landslag, seier Torunn Steimler.

Det siste banksjefen nemner der, landslaget, er sjølvsagt Bjelde sitt store mål. Og då snakkar me A-landslaget.

– Ja, det er målet. Først gå gjennom U23-landslaget, men sjølvsagt er A-landslaget målet, seier ho.