– Det er greie køyreforhold, seier vakta som tek telefonen hjå vegtrafikksentralen.
– Aha.
– Du høyrest overraska ut, held vakthavande fram.
Køyrer forsiktig
Ifølgje vegtrafikksentralen skal det ikkje vera noko særleg glatt på vegane måndag, sjølv om det kanskje ikkje verkar slik i Sogn akkurat no.
– Det er snø på vegane, og folk køyrer difor litt meir forsiktig, held vakta fram.
Utanom ei ulukke mellom Høyanger og Balestrand, har ikkje vegtrafikksentralen fått fleire meldingar om ulukker.
Bil i fjellveggen mellom Høyanger og Balestrand
– Me blir ikkje nedringde om ulukker og dårlege køyreforhold i dag, kjem det frå andre sida av telefonen.
– Ver aktsame
Vakta kan òg opplysa om at alle fjellovergangane er opne, men kjem med nyttig informasjon om fjellovergangane.
– På Filefjell er det no minusgrader, men i natt skal det verta mildt. Det kan føra til at det vert glatt.
Om natta og morgondagen kan han opplysa om at det kan verta glatt i høgare strøk.
– Overgangen frå kulde til mildvêr kan verta utfordrande. Isen kan vera vanskeleg å sjå, seier han.
Han oppmodar bilistar til å passa på dei neste dagane.
– Følg med på trafikkmeldingane, og ver aktsame.