Gå til sidens hovedinnhold

Slik kan koronasertifikatet brukast i Noreg

Regjeringa opnar for inntil 1.000 personar på arrangement innandørs utan faste sitjeplassar ved bruk av koronasertifikat. Utandørs kan opptil 2.000 samlast.

Førre veke opna regjeringa for bruk av sertifikatet ved grensa til Sverige. Neste veke opnar regjeringa for bruk av sertifikatet innanlands i Noreg.

På ein pressekonferanse måndag kunngjorde regjeringa kva ein kan bruke sertifikatet til:

  • Passet kan takast i bruk ved større arrangement og kystcruise. Utan faste sitjeplassar kan opptil 1.000 delta på arrangement innandørs, og 2.000 utandørs. Med faste sitjeplassar kan 2.500 samlast innandørs og 5.000 utandørs ved bruk av sertifikatet. Føresetnaden er at berre 50 prosent av lokalet blir brukt.
  • Regjeringa vil innføre krav om at deltakarar skal få kunne vite kvar dei skal kunne teste seg ved større arrangement. Arrangørar skal inngå avtalar med teststadar.
  • Ved større arrangement blir ein negativ koronatest likestilt med vaksinasjon og immunitet etter gjennomgått covid-19. Ein negativ koronatest er gyldig i 24 timar.

Tid for gøy

– Gjennom pandemien har ein kunna gjere dei små, men viktige tinga og møte dei næraste. No får vi igjen for at vi har vore forsiktige og for at stadig fleire av oss er vaksinerte. No kjem tida der vi kan ha det gøy på andre måtar igjen, seier helseminister Bent Høie (H).

– Snart kan vi gå på store konsertar, på fotballkamp eller festival. Det veit eg at det er mange som har gledd seg til, seier helseministeren.

Koronasertifikatet vart presentert førre veke. Det viser vaksinasjonsstatus, om du er frisk frå smitte og testresultat. Dette blir vist gjennom «raudt eller grønt lys».

Høie understrekar at koronasertifikat ikkje kan brukast i kommunar som er underlagde tiltaksnivå 5A grunna ukontrollert smitte, men at det kan brukast i kommunar som er underlagde tiltaksnivå 5B eller 5C.

Han understrekar òg at det skal brukast til å gi lettingar, og ikkje setje avgrensingar.

Må auke testkapasiteten

Sidan negativ koronatest skal likestillast med vaksinasjon og immunitet etter gjennomgått covid-19, erkjenner regjeringa at det vil bli auka behov for testing.

Regjeringa jobbar med å få på plass ei ordning kor private testleverandørar kan få refusjon frå staten for testing til koronasertifikat.

– Det betyr at for dei fleste som har behov for ein test for å få grønt sertifikat, vil ein kunne gå på ein teststasjon, og desse testane vil bli tekne med hurtigtest slik at svar kjem raskt, i god tid før arrangementet, seier Høie.

Kommentarer til denne saken