ROLEG PÅSKE: Luster Røde Kors Hjelpekorps har vore stasjonert på Turtagrø i påsken. Dei har ikkje alvorlege skader å melda om. Dei brukte mellom anna tida på å øva samband. (Foto: Luster Røde Kors Hjelpekorps)

Slik har hjelpekorpsa og Norsk Folkehjelp hatt det i påsken

Solfylt kjempepåske i heile fylket.

Publisert 22.04.2019 kl. 14.25. Oppdatert kl. 15.49.

Røde Kors og Norsk Folkehjelp melder om fantastisk påske og få skader.


- Det har vore glitrande vêr og me har hatt gledeleg lite å gjera, seier Margrethe Skåden, operativ leiar i Sogn og Fjordane Røde Kors Hjelpekorps midt på dagen andre påskedag.


Ho oppsummerer at påska berre har bydd på nokre få henteoppdrag frå AMK, å frakta personar til veg. Norsk Folkehjelp i Årdal rapporterer om mykje folk i fjellet og godvêr. 


Røde Kors sentralt melder at på landsbasis har mannskap berre har blitt utkalla til eitt snøskred i påska. Det viste seg å vera sjølvutløyst og det var ingen folk i skredet. 


- Me er letta og glade for at påska har vore så roleg som den har vore. Etter fleire dødelege snøskred tidlegare i vinter, har me så langt heldigvis ikkje fått skredulukker i påska, seier landsrådsleiar Kjesti Løvik i Røde Kors Hjelpekorps i ei pressemelding.


Køyrer varer

Norsk Folkehjelp i Årdal rapporterer om mykje folk i fjellet og godvêr.


- Me har henta ein person med skadd arm elles har det vore tre transportoppdrag frå hytte til veg for nokon som skulle vidare til legevakt. Det har vore bra utfart i fjellet og me har hatt mange varekøyringar til hyttene, seier Kjell Arne Solheim andre påskedag.


Framleis varmt

Det gode vêrt ser ut til å vara, med gode temperaturar i dag. 


- Det blir fine dagar også utover i veka. Onsdag blir det meir skya, men framleis ganske fint. Torsdag ser det ut til å bli regn att, men relativt varmt.


Det seier statsmeteorolog Kristin Seter hjå Vervarslinga på Vestlandet.


Ho seier det kan bli ein del vind i fjellet dei næraste dagane.


Enkelte stader kom det litt regn i løpet av påska. Seter minner likevel om skogbrannfare.


- Det er fare for gras- og lyngbrann, det må folk vera klar over. Det kom nedbør i går, men den har nok tørka opp. Etterkvart som naturen blir grønare, vil heldigvis faren bli redusert, seier ho.