Slik håpar dei maten du kastar både kan bli god butikk for SIMAS og hjelpa klimaet

GULL: Torunn Hønsi i Vestlandsforsking og Dagny Ugulsvik i SIMAS håpar at biokol frå Sogn både kan bidra til verdiskaping og eit betre klima. Foto: Astri Knutsen
I lag med ei rekkje samarbeidspartnarar har renovasjonsselskapet SIMAS og Vestlandsforsking fått ein halv million i støtte for å greia ut utsiktene til å produsera biokol i Sogn.
Det kjem fram i ei pressemelding måndag.
– I sju månader skal me kartleggja den beste metoden for produksjon av biokol i Festingdalen, før SIMAS vil gå vidare med prøveproduksjon, seier Torunn Hønsi, forskar ved Vestlandsforsking, i ei pressemelding på eigne heimesider.
Håpet på sikt er at biokol skal kunna bidra til både verdiskaping og plusstal i klimarekneskapen.
– Det er ikkje mange avfallsselskap i landet vårt som produserer biokol i dag. Det blir spennande å sjå korleis me kan få det til her i regionen, seier Hønsi.
Vil stoppa uønskt praksis
SIMAS tek hand om store mengder biologisk nedbrytbart avfall, som til dømes maten me sogningar kastar i boset. Ein del vert kompostert i Festingdalen, men store mengder vert òg send til forbrenning i Østfold eller Sverige. Dette håper ein no å få slutt på.
– Denne handteringa er ikkje lenger i tråd med berekraftsmåla våre, sidan ressursane i avfallet ikkje vert utnytta optimalt. I tillegg er handteringa kostbar og slepp ut store mengder klimagassar, seier Dagny Ugulsvik Alvik i SIMAS i pressemeldinga.
Biokol er laga av planterestar som vert utsett for høg temperatur utan tilgang på oksygen. Økoskulen i Aurland testar allereie produksjon i opne omnar. Erfaringane derifrå skal nyttast når SIMAS etter planen skal starta produksjon i stor skala. I prøveprosjektet vil dei testa ut ein prosess som blir kalla pyrolyse. Her blir biomasse varma opp i lukka omnar med høg temperatur og lite oksygen.
– Får me til å produsera biokol av bioavfallet, kan dette blandast saman med kompostjorda me alt produserer. Saman kan det bli eit veldig bra kombinasjonsprodukt til den regionale marknaden, står det i pressemeldinga.
Økologisk kinderegg
Biokol kan brukast til å forbetra jorda i grøntanlegg, hagar og i landbruket. I tillegg til at det lagrar store mengder karbon, kan biokol medverka til klimatilpassing ved at det sug til seg og held på vatn i jorda.
– Sei Statens vegvesen i framtida skal fylla eit grønt anlegg i eit vegprosjekt med jord. Blandar ein inn biokol og kompost i denne jorda, vil klimafotavtrykket til prosjektet bli vesentleg lågare. Ikkje berre nyttar dei eit biologisk produkt produsert i regionen, men dei nyttar òg eit produkt som bind karbon og avfallsstoff, og lagrar det i jorda. Det vil gje eit redusert CO₂-utslepp for prosjektet, seier Hønsi i pressemeldinga.
Dei andre som deltek er Kunnskapsparken Vestland, landbruksavdelinga til Fylkesmannen i Vestland, NIBIO, Norsk landbruksrådgjeving Vest og Sogn Jord- og hagebruksskule. Støtta kjem frå Regionalt forskingsfond Vestland.
Kommentarer til denne saken