Men alle har fri ferdsel. Her får du siste status.
E16 Filefjell: Open
Ved Smedalen er lufttemperaturen på -16,5 grader og vindstyrken er 0,90 m/s.
Fv. 50 Hol – Aurland: Open
Lufttemperaturen ved Vestredalen er på -10,4 grader og vinden bles med ein styrke på 5,7 m/s. Det er også litt nedbør på 0,3 mm.
Rv. 52 Hemsedalsfjellet: Open
Her er lufttemperaturen -10,2 grader og vindstyrken på 3 m/s.
Fv. 53 Tyin – Årdal: Open
Her viser gradestokken -11,2 minusgrader ved Tyinosen. Vinden bles med ein styrke på 3 m/s.
Rv. 13 Vikafjellet: Open
Torsdag morgon er det -10,4 grader på Vikafjellet, men mindre vind enn på dei andre fjellovergangane med 0,5 m/s.
Når det gjeld trafikken elles, får du ei oversikt over vegarbeidet i Sogn her:

Her blir vegen stengd i to dagar og på E16 blir det vegarbeid i tre tunnelar
To ting kan vera verdt å merka seg.
Fv. 5625 Voldadalane i Aurland
Etter at Skjerdalsvegen var stengd i to dagar frå måndag til onsdag held vegarbeidet no fram og vegen vil vera stengd i periodar på to timar. Mellom klokka 08:00 og 17:00 måndag, tysdag, onsdag, torsdag og fredag er det manuell dirigering med gjennomkøyring klokka 10, 12, 14 og 16.
Arbeidet skal etter planen vera ferdig 29. mai. I påskeveka vil det vera fri ferdsel.
Ferjestrekninga Vangsnes – Hella
Grunna transport av farleg last blir det avgrensa kapasitet frå Hella til Vangsnes torsdag klokka 09:35.