Snøen lavar ned mange stader tysdag kveld. Vegtrafikksentralen melde klokka 19 tysdag at alle overgangar i Sogn var opne.

Like før klokka 21 er fv. 50 Hol-Aurland stengd og det er på ny kolonnekøyring på rv. 13 Vikafjellet.

Tysdagen starta med at det framleis var ruskevêr fleire stader.

Fleire av fjellovergangane har hatt periodar med kolonnekøyring eller stenging, men tilhøva betra seg litt utover dagen.

Tysdag kveld var også fv. 53 Tyin-Årdal open att etter å ha vore stengt ei stund. Litt seinare vart fv. 50 Hol-Aurland stengt igjen.

Dei andre fjellovergangane i vårt distrikt er opne. Lenger sør, på E134 Haukelifjell og Rv7 Hardangervidda, er det er kolonnekøyring.