Gå til sidens hovedinnhold

Slik er forholda på fjellovergangane

Mange vakna til snø i låglandet måndag, og oversikta til Statens vegvesen viser fleire stengde fjellovergangar.

Dette er status klokka 11.50 måndag:

E16 Filefjell: Ope, snø- og isdekke, stadvis fare for glatte parti og redusert sikt. Klokka 05:30 var det -9 grader, laber bris og snø.

Rv 13 Vikafjellet: Stengt grunna uvêr. Ny vurdering klokka 10 tysdag.

Rv 52 Hemsedalsfjellet: Kolonnekøyring grunna uvêr. Ventetid er rundt fire timar frå austsida, opplyser vegtrafikksentralen klokka 11.45.

Fv 50 Hol-Aurland: Kolonnekøyring grunna uvêr. Ventetid rundt tre timar frå aust. Kolonnestrekning er Øyestøl- Nilsegard.

Fv 53 Tyin-Årdal: Stengt grunna uvêr. Blir ikkje opna måndag.

Sjå oppdaterte vegmeldingar frå Statens vegvesen.

Kommentarer til denne saken