Slik er forholda på fjellovergangane måndag morgon

NATTESTENGD: Vegen over Sognefjellet er stengt fram til klokka 08.00.

NATTESTENGD: Vegen over Sognefjellet er stengt fram til klokka 08.00. Foto:

Fare for glatte parti på fleire av vegane.

DEL

Det er fint vêr og greie køyreforhold på fjellovergangane måndag morgon. Her er dei siste oppdateringane frå Statens vegvesen.

E16 Filefjell

Berre vegbane, fare for glatte parti. Klokka 05.30 var det minus fire grader, lett bris, lettskya og opphaldsvêr.

Riksveg 13 Vikafjellet

Vekslande mellom berr vegbane, snø og snøslaps. Fare for glatte parti. Klokka 06.05 var det minus 2 grader, bris og opphaldsvêr.

Riksveg 15 Strynefjellet

Vekslande mellom berr og våt vegbane, snøslaps og fare for glatte parti.

Riksveg 52 Hemsedalsfjellet

Isdekke. Klokka 05.35 var det minus 7 grader, laber bris og opphaldsvêr.

Fylkesveg 50 Hol – Aurland

Vekslande mellom berre vegbane, snø og isdekke. Klokka 05.55 var det minus 4 grader, frisk bris og opphaldsvêr.

Fylkesveg 53 Tyin – Årdal

Snø og isdekke og fare for glatte parti. Klokka 05.30 var det minus 4 grader, lett bris, lettskya og opphaldsvêr.

Fylkesveg 55 Sognefjellet

Nattestengt fram til klokka 08.00.


Artikkeltags