Slik blir lokalfotballen for Vik, Kaupanger og dei andre laga: Todelt serie og sluttspel

DELT I TO: Vik skal spela i ein todelt 4. divisjon komande sesong, der sluttspel vil avgjera opprykk og nedrykk.

DELT I TO: Vik skal spela i ein todelt 4. divisjon komande sesong, der sluttspel vil avgjera opprykk og nedrykk. Foto:

Seriefotballen i dei lokale divisjonane blir avvikla på alternativt vis i årets sesong.

DEL

4. divisjon for herrar og 3. divisjon for damer kjem ikkje i gang før etter sommarferien, der NFF Sogn og Fjordane tek sikte på seriestart i midten av august.

Dermed blir det ikkje tid til å spela dobbelt serie, og i staden for å spela enkel serie har dei bestemt seg for følgjande:

Å dela divisjonane i to, for deretter å spela sluttspel om plasseringane. Dette betyr at det vil bli reine finalar om opprykk og nedrykk på hausten.

– I ein enkel serie kan laga vera uheldige og få berre bortekampar mot lag dei er avhengige av å ta poeng mot i ein opp- og nedrykkssituasjon. Halvparten av laga vil òg få seks bortekampar og fem heimekampar. Det vil ikkje bli hundre prosent likt. Difor har me vald å gjera det på denne måten, seier dagleg leiar i NFF Sogn og Fjordane, Svein Olav Myklebust.

Rangering

I 4. divisjon for herrar blir dei to puljane trekt onsdag 27. mai.

Her er laga rangert i seks grupper, ut frå tabellplassering førre sesong. Dei ser slik ut:

1: Førde og Eid. 2: Studentspretten og Stryn. 3. Kaupanger og Måløy. 4. Høyang og Syril. 5. Bremanger og Dale. 6. Vik og Jølster.

Desse vil bli trekt i to divisjonar, deretter vil laga som endar på same tabellplassering i kvar si pulje møta kvarandre i sluttspel ved enda seriespel. Dette blir gjort i dobbeltkampar, dermed vil ein få real dramatikk når opprykk og nedrykk skal avgjerast.

Geografi

Det same gjeld i 3. divisjon for damer, men der er laga sett opp ut frå geografi.

Avdeling 1 er Balestrand, Sogndal, Studentspretten, Syril og Kaupanger 2/Sogndal 2, medan avdeling 2 er Førde, Måløy, Sandane, Stryn og Selje/Åheim.

Artikkeltags