Slik blir ferien: Rår frå utanlandsreiser fram til 20. august

NORGESFERIE: Det blir frårådd å reisa til utlandet fram til 20.august. Dermed er det tid for å planleggja noregesferien. Her frå Grotlesanden i Bremanger.

NORGESFERIE: Det blir frårådd å reisa til utlandet fram til 20.august. Dermed er det tid for å planleggja noregesferien. Her frå Grotlesanden i Bremanger. Foto:

Av

Koronasituasjonen og ferie- og fritidsreiser var tema på regjeringa sin pressekonferanse. Samtidig melder FHI at smittetala stig.

DEL

Regjeringa rår frå utanlandsreiser fram til 20. august.

– For dei som vil ha føreseielegheit på alt, anbefaler eg å planleggja ferie i Norge, innleia statsminister Erna Solberg (H) på pressekonferansen fredag, og anbefalte spesielt Bergen.

– Det er no to månadar sidan Norge stengde ned, og det har vore lagt store avgrensingar for nordmenns liv. No står sommarferien for døra, innleia ho.

– Smittesituasjonen ligg til grunn for dei vurderingane me skal gjera om desse tinga, seier Solberg.

Smittetalet stig, viser ein ny rapport frå FHI. Smittetalet er no rekna til å ligge på 0,72, mens det var 0,49.

Skal vurdera å endra rådet innan 20.juli

Innan 15. juni vil det bli vurdert å endra reiserådet til Norden, og innan 20. juli vil det vurderast å endra reiserådet for andre europeiske land i nærleiken, opplyser Statsministerens kontor (SMK).

– Me er godt unna ein normal situasjon, og me kjem ikkje til å vera tilbake til normalen på ei stund, sa utanriksminister Ine Eriksen Søreide på pressekonferansen og heldt fram:

– Reiserådet vil gjelda til 20. august. Me vil prøva å gjera lettingar. Innan 15. juni vil me sjå om det kan gjerast lettingar for reiser til dei nordiske landa. Innan 20. juli vil me gjera vurderingar om det kan gjerast lettelsar til enkelte andre land. Det vil avhenga av smittesituasjonen, sa Søreide vidare.

Alle som kjem til Noreg i dag, blir pålagde innreisekarantene. Også denne gjeld fram til 20. august, men regjeringa vil på same datoar som for reiseråda vurdera om det kan lettast på denne.

Frå 1. juni opnar regjeringa for at turistar frå fastlandet kan reise til Svalbard.

Tolv i respirator

Dei siste tala frå Helsedirektoratet fredag viser at det no er tolv pasientar som får behandling i respirator, éin mindre enn dagen før. I alt 58 personar er innlagt på sjukehus med covid-19-smitte.

Usikker på om du er forkjøla eller har fått covid-19? Testing og tydelege instruksar skal hjelpe ein kvar som er i tvil.

Opningsdatoen er klar: – Blir godt å få dei tilsette tilbake på jobb

Artikkeltags