Gå til sidens hovedinnhold

Slik blir dei nye opningstidene etter påske: – Båt kjem på plass

Stengjer tunnelen heilt på kveldstid frå 6. april til 11. juli.

Det må endringar til i arbeidstidene i utbetringa av Seimsdalstunnelen i Årdal kommune.

For å korta ned på den krevjande drivefasen, som er sprengingsarbeid, blir det no naudsynt å stengje tunnelen heilt også på kveldstid, skriv Vestland fylkeskommune i ei pressemelding.

Frå 6. april til 11. juli blir det stenging frå klokka 18.00 til 06.00 neste morgon. Det blir sett opp båttransport mellom Seimsdalen og Årdalstangen, med siste avgang kl. 00.15.

– Me veit at det er ei belastning for dei som bur her. Men me må få gjort dette arbeidet meir effektivt no på ein forsvarleg og trygg måte, og korta ned på perioden med meir stengingar. For å få ei meir fornuftig drift må me intensivera arbeidet og stengja vegen meir, seier Jørn Fosen Simonsen, prosjektleiar i Vestland fylkeskommune.

Les også

Sprengde utan å sjekka klokka: – Trur me alle treng litt ferie no

Kommentarer til denne saken