Lærernorma blei innført frå skulestart i 2018. Frå og med skulestart 2019 er kravet skjerpa. No skal det maksimalt vera 15 elevar for kvar lærar på 1.-4. trinn, og 20 elevar per lærar på 5.-10. trinn.- Sidan i fjor er det blitt 1.100 fleire lærerårsverk i den offentlege grunnskulen, og det er blitt færre elevar per lærar på alle trinn. Fleire lærarar har fått fagleg fordjuping med vidareutdanning, og det er færre ukvalifiserte i skulen, skriv Kunnskapsdepartementet i ei pressemelding.Skulane i fylket oppfyller norma. Flora ligg høgast med 19,53 på trinn 8-10.I Balestrand kommune er det 18,2 elevar per lærar på trinn 8-10, og det er det høgste talet i Sogn.På trinn 1-4 ligg Sogndal høgast, med 13,35 elevar per lærar.