Illustrasjonsfoto.

Skreiv ut to bruksforbod

Statens vegvesen sine kontrollørar stogga både tunge og lette køyretøy under kontrollar onsdag ettermiddag og kveld.

Publisert 11.01.2018 kl. 06.22. Oppdatert kl. 06.33.

Til saman 74 køyretøy var innom kontrollplassane då Statens vegvesen hadd kontroll ved museet på Kaupanger og på Håbakken kontrollstasjon onsdag.


Alle 74 køyretøya vart vegne og vurdert, og 21 av køyretøya vart kontrollerte.


Bruksforbod

 


I kontrollen vart det funne fire køyretøy med tekniske manglar: Tre med feil på lys og eitt med tekniske manglar på ABS-bremsane. 


Kontrollørane skreiv ut to bruksforbod. Det eine fordi køyretøyet hadde for brei hengar, medan det andre bruksforbodet galdt ein spesialtransport der lasset var plassert feil.


Det vart skrive ut gebyr til seks bilførarar. Fire fekk gebyr fordi dei køyrde med for nedslitne dekk, eitt gebyr skuldast manglande vognkort og ein sjåfør vart ilagt gebyr for manglande bombrikkeavtale,


Kontrollane vara frå klokka 15.00 til klokka 24.00 onsdag.