Skredfaren aukar i Sogn: – Unngå ferdsel i alt skredterreng

Skredfaren er allereie betydeleg, og laurdag aukar den til høgste faregrad.

DEL

Varsom.no oppmodar alle til å halda seg unna alt skredterreng, inkludert utløpsområde som kan vera langt unna losneområda.

Fredag er det meldt om betydeleg skredfare, faregrad 3, i Indre Sogn, Jotunheimen og Indre Fjordane. Laurdag aukar den til høg skredfare, faregrad 4.

For fredag melder varsom.no at ytterlegare nedbør med kraftig vind frå sørvest gjer at skredfaren aukar, men vurderast framleis til å vera innafor faregrad 3. Enkelte store skred kan losna av seg sjølv, spesielt medan vêret står på.

– Den siste perioden har det totalt sett kome svært store nedbørsmengder og kjente skredløp med lange skredbaner må overvakast og takast på alvor. Under mildvêrsgrensa må det forventast naturleg utløyste våte skred. Ver merksam på sigesprekker og syt for å ha god sikkerhetsmargin, oppmodar varsom.no.

Artikkeltags