Skred isolerer husstandar i Feios

Teknisk sjef i Vik kommune har vore i kontakt med geolog.

DEL

– Det har gått eit ras i den kommunale vegen som går opp mot Lunde i Feios, seier Ole Petter Ramberg, teknisk sjef i Vik kommune.

Han seier tre-fire husstandar er på feil side av raset.

– Me har vore i telefonkontakt med geolog og må få avklart når det er trygt å byrja rydda raset, seier Ramberg torsdag føremiddag.

I Vik er elles vegen mellom Arnafjord og Vik stengd grunna jordras.

Sjå oppdaterte vegmeldingar frå Statens vegvesen.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken