Skogsarbeidar fall ned skrent og hamna i elva

DEL

Klokka 12.17 torsdag fekk politiet melding om ein skogsarbeidar som fall ned ein skrent og ut i ei sideelv i Lærdalen ved Husum.

Skogsarbeidaren har kome seg på land og blir teken av hand om av ein kollega.

Naudetatar er framme på staden.

Politiet opplyser på Twitter at den skadde er vaken og blir boren ned til redningshelikopter.

Vakthavande på operasjonssentralen seier at mannen er vaken og snakkar.

– Han er nedkjølt etter å ha vore i vatnet og har smerter i beina. Redningshelikopter er på staden.

– Me veit ikkje kor høgt fallet var og me har ikkje fått tilbakemelding om redningshelikopteret har reist med pasienten.

Artikkeltags