Skliene blir ikkje opna i år: – Eg beklagar verkeleg

STENGD: Den nye sklia er fiks ferdig montert og klar til bruk, men kan ikkje brukast før Statens Jernbanetilsyn har  godkjend den. Det skjer neppe før ut i august ein gong.

STENGD: Den nye sklia er fiks ferdig montert og klar til bruk, men kan ikkje brukast før Statens Jernbanetilsyn har godkjend den. Det skjer neppe før ut i august ein gong. Foto:

– Burde nok ha venta til hausten, seier rådmann Stig Stark-Johansen

DEL

I ei pressemelding opplyser rådmannen i dag at dei nye skliene i friluftsbadet i Øvre ikkje blir opna denne sesongen. Forklaringa er at jarnbanetilsynet ikkje har høve til å godkjenne sklia før bassenget blir stengt 16. august.

– Dette er beklageleg, men i etterpåklokskapens lys ser ein at monteringen av sklia burde ha skjedd i haust. Hadde kommunen utsett monteringa hadde me ikkje skapt forventingar om bruk i sommar og ein hadde fått god tid til å få godkjent sklia av Statens jernbanetilsyn, seier rådmannen.

– Eg beklagar at innbyggjarar og besøkjande ikkje har fått brukt sklia, seier han.

Artikkeltags