Skjerpar tiltaka for å bremsa smittespreiing

KARANTENE: Helsedirektoratet har skjerpa tiltaka for å hindre smitte av koronaviruset. Vestland fylkeskommune har sendt ut sms til elevar og tilsette om dei nye tilrådingane. Fotoet viser Sogndal vidaregåande skule.

KARANTENE: Helsedirektoratet har skjerpa tiltaka for å hindre smitte av koronaviruset. Vestland fylkeskommune har sendt ut sms til elevar og tilsette om dei nye tilrådingane. Fotoet viser Sogndal vidaregåande skule. Foto:

I tråd med Helsedirektoratet sine nye tilrådingar, ber Vestland fylkeskommune alle som er komne tilbake frå område med vedvarande Korona-smitte for mindre enn 14 dagar sidan, om å halda seg heime frå jobb og skule i 14 dagar frå heimkomst.

DEL

Det gjeld då også elevar i den vidaregåande skulen som har vore på denne type reise.

Vestland fylkeskommune sender søndag kveld ut sms til elevar og føresette med denne informasjonen.

– Me tilrår alle om å følgja reglane rundt heimekarantene og at ein er heime i 14 dagar, seier Ingrid Holm Svendsen, fylkesdirektør for organisasjon og økonomi i Vestland fylkeskommune.

Råda gjeld også om ein ikkje har symptom på sjukdom.

Tilbakeverkande kraft

Dei nye råda er gjort av føre var-prinsipp og har tilbakeverkande kraft. Det vil seia at alle som har kome heim frå område med vedvarande smitte i løpet av dei siste 14 dagane, bør halda seg heime til det har gått fjorden dagar etter heimkomst.

Folkehelseinstituttet har oppdatert informasjon om kva område dette gjeld.

– Situasjonen blir nøye følgd frå vår side. Viss situasjonen aukar i omfang, kan nettundervisning bli aktuelt, men me er ikkje der enno, seier Svendsen.

Berre dei som har vore på reise

Fylkeskommunen opplyser at det er berre dei som sjølve har vore på reise i risko-område som er omfatta av den nye regelen om heimekarantene, ikkje andre familiemedlem eller nærståande personar, med mindre desse har symptom på smitte.

Elevar og tilsette må kunne leggja fram dokumentasjon på reise eller opphald i aktuelle område, opplyser Vestland fylkeskommune.

Artikkeltags