PUSTEROM: Fleire elevar ynskjer eit pusterom mellom vidaregåande og høgare utdanning. (Foto: Mathilde Hjelmeland)

Søkjarstorm til folkehøgskulane: - Eit signal til skule-Noreg

I år er det over 7900 elevar på dei 82 norske folkehøgskulane. Dette er det femte året på rad med elevrekord.

Publisert 16.01.2020 kl. 12.40.

No ser det ut til at søkinga til neste skuleår slår dei tidlegare rekordane.

SLITNE: - Mange elevar er slitne etter karakterpress på vidaregåande, seier Marit Asheim. (Pressefoto)

Populært

Så langt har skulane nesten 30 prosent fleire søknadar enn på same tid i fjor.


- Dette er fantastiske tal! Det er ingen tvil om at det er populært å gå på folkehøgskule, seier informasjonsrådgjevar for Folkehøgskulane, Marit Asheim, i ei pressemelding.


Ho meiner elevane syner eit behov for eit pusterom mellom vidaregåande skule og vidare studiar.


- Utan både karakterar og eksamenar klarar folkehøgskulane å gje elevane lyst og motivasjon til å læra meir, seier Asheim.


Tydeleg trend

Elevtalet på folkehøgskulane har vore stigande sidan 2004. I dag går det 20 prosent fleire elevar på folkehøgskule enn det gjorde for berre ti år sidan.


- Årsaka til veksten er samansett. Likevel er den først og fremst eit tydeleg signal til resten av skule-Noreg. Stadig fleire av våre elevar fortel at dei er slitne etter karakterpress på vidaregåande. Sjølv når dei er sikre på vidare utdanningsval, treng dei eit rom for å senka skuldrene og bli tryggare på seg sjølv. Dette finn dei på folkehøgskulen, seier Asheim.


Nøgde elevar

Folkehøgskulane har hatt dei mest nøgde elevane i Noreg dei siste åtte åra, syner målingar gjort av analysebyrået EPSI.


Godt fagleg innhald, relevante studieturar og engasjerte tilsette er det som gjev høgast skår. Samstundes seier elevane at dei er vorte meir motiverte for vidare læring.


Over 90 prosent av elevane anbefaler folkehøgskule vidare til andre.


Det er ingen søknadsfrist til folkehøgskulane, men det er rullerande opptak frå den 1. februar.


Les meir om: Nyhende Utdanning