Vest politidistrikt melder laurdag klokka 14:15 om eit større snøskred i Myrkdalen i Voss herad. Ingen er meldt sakna, men det er skispor i området.

Klokka 15 melder politiet at skredet har gått nord for hyttelandsbyen, i området Storebotn, og er omlag 200 meter. Det pågår både manuelt og elektronisk søk, sjølv om dei er nokså sikre på at ingen er tekne av skredet.