Det opplyser kraftselskapet i ei pressemelding.

– Sygnir fortel kven og kor me er, seier adm.dir. Terje Bakke Nævdal i Sognekraft AS.

Lova krev skilje

Energilova krev at nettverksemda vert skild ut frå kraftselskapet som eige føretak, då det ikkje lenger er tillate at monopolverksemd (nett) og konkurranseutsett verksemd (kraft) kan liggja i same selskap.

Tidlegare var kraftselskap med færre enn 100.000 kundar unnateke frå kravet, men etter at Stortinget endra energilova i 2016 skal desse reglane gjelda uavhengig av storleik. Sognekraft har om lag 9.500 kundar, og er såleis mellom dei som har frist til 2021 med å gjennomføra skiljet.

For abonnentane vil dette medføra at ein heretter skal betala nettleiga til Sygnir, ikkje Sognekraft, medan ein framleis står fritt til å kjøpa krafta frå Sognekraft eller andre selskap.

Rotfest i soga

Dei nye reglane medfører at logo og namn på nettselskapa ikkje skal kunna forvekslast med kraftprodusentane. Difor måtte Sognekraft finna eit heilt nytt namn når nettverksemda no skal skiljast ut som eige selskap.

Namnevalet Sygnir kom etter ein omfattande prosess med intern namnekonkurranse i Sognekraft. Namnet er den norrøne nemninga på sogningen, folket som kjem frå Sygnafylket, bygdene og fjordstroka kring Sognefjorden.

– Slik er Sygnir rotfest i soga og tradisjonen vår, noko me er svært stolte over. Det utstrålar kraft og styrke, noko ekte, og ikkje oppkonstruert av meir eller mindre tilfeldige bokstavar, seier Nævdal.

Kjem i 2021

Namneendringa på denne delen av Sognekraft skal finna stad i løpet av 2021, men nettselskapet Sygnir skal også i framtida vera ein del av Sognekraftkonsernet.

Sogn Avis erfarer at det framleis er ein veg å gå før alle detaljane kring nyorganiseringa av konsernet kjem i mål, men at både styret og eigarane er godt i rute med arbeidet.

Kundane vil ikkje merka namneendringa på annan måte enn at dei etter kvart vil sjå logoen og namnet Sygnir på fakturaen, og omprofilering av arbeidsklede, bilar og bygg som høyrer til nettdelen av dagens Sognekraft, vert det opplyst i pressemeldinga.

– Eg er glad me har funne eit namn dei tilsette stiller seg bak. Det gjev oss både kraft og energi til å gjennomføra namnebytet på ein god måte, avsluttar Terje Bakke Nævdal.