To skikøyrarar har løyst ut snøskred aust for Myrkdalen, i fjellområdet ved Reppane laurdag ettermiddag.

Det opplyser Vest politidistrikt på Twitter.

Begge blei tekne av skredet, ein blei delvis begravd, men fekk hjelp til å koma laus av kameraten. Politiet karakteriserer dei som erfarne fjellfolk. Dei skal begge vera oppegåande og uskadde etter hendinga, men vil bli sett til av ambulanse.

Det skal ikkje vera mistanke om at fleire er tekne av skredet, som blei utløyst i eit område som er ikkje er mykje brukt eller har oppkøyrde løyper.

Politiet opplyser at dei to har hatt god, visuell oversikt over området før skredet gjekk.