Skifta namn og valde nytt styre

NYTT STYRE: Dette er det nye styret i LHL Luster, Sogndal og Vik. Framme: Liv Anny Bruheim, Sverre Aasen og Brit Jorun Ølnes.
Bak: Olav Terje Hove og Bjørn Sivertsen. Torbjørn Aase og Marit Åretun var ikkje tilstades då biletet vart teke.

NYTT STYRE: Dette er det nye styret i LHL Luster, Sogndal og Vik. Framme: Liv Anny Bruheim, Sverre Aasen og Brit Jorun Ølnes. Bak: Olav Terje Hove og Bjørn Sivertsen. Torbjørn Aase og Marit Åretun var ikkje tilstades då biletet vart teke. Foto:

På årsmøte i lokallaget i HLF på Lægreid hotell 27. februar vart det gjort vedtak om å endra namnet til HLF Luster, Sogndal og Vik.

DEL

Lokallaget består av medlemmer frå Vik, Leikanger, Balestrand, Sogndal og Luster. No etter kommunereforma vart det konkludert med at det rette var å inkludera Vik i namnet, skriv dei i ei pressemelding.

HLF, Hørselshemmedes Landsforbund er eit lag med 67 500 medlemmer. HLF Luster, Sogndal og Leikanger har 343 medlemmar pr. 15.03.2020.

Føredrag og årsmøte

Kvelden starta med at Erna Pettersen Vikdal fortalde om korleis det er å leva med og meistra tinnitus.

Ho var oppteken av at tinnitus er ikkje ein sjukdom. Tinnitus er eit symptom på at samarbeidet mellom øyra og sentrale funksjonar i hjernen ikkje fungerer slik det vanlegvis gjer. Det kan vera fleire grunnar til dette. Det kan vere høg musikk, høge lydar på jobb, stress, skader i hovud og nakkeregionen eller at ein rett og slett ikkje veit korleis ein får det.

Nytt styre

Det vart også valt nytt styre. Brit Jorun Ølnes er valt som ny leiar, og resten av det nye styret er: Bjørn Sivertsen, Liv Anny Bruheim, Torbjørn Aase og Sverre Aasen. 1. vara: Marit Åretun og 2. Olav Terje Hove.

Laget har fleire sokalla likepersonar. Likepersonane i HLF skal hjelpa folk med praktiske utfordringar med høyreapparatet. Dette er eit gratistilbod i Luster, Sogndal og Vik HLF. Laget har likepersonane Lars Mogens Stølen, Mette Alme og Brit Jorun Ølnes.


Artikkeltags