HEIDER: Andrea Fiskaa Haugen og Eskil Hov fekk utmerkingar under skitinget laurdag. (Foto: Privat)

Skifolket heidra både talent og eldsjeler

Fire sogningar fekk ekstra merksemd under skitinget

Publisert 26.05.2019 kl. 09.23.

I samband med Skikrinstinget på Skei laurdag 25. mai vart det delt ut heider til fire sogningar.


Andrea Fiskaa Haugen i Luster Telemarkklubb, fekk talentpremie for å ha utmerka seg ved spesiell talentfull innsats.


Ho fekk like før helga også den gledelege meldinga om at ho var tatt ut av Norges Skiforbund til telemarklandslaget.


No er Andrea på landslaget

GOD INNSATS: Torun Grut og Oddmund Lefdal vart takka av for jobben i langrennskomiteen. (Foto: Privat)

Ambassadør

Eskil Hov frå Kaupanger IL fekk Norges Skiforbund sin Jubileumspokal.


Det fekk han for å vera ein utøver som viser rette verdiar, er inkluderande og ein ambassadør for skisporten.


Eldsjeler

Torunn Grut frå Syril IL og Oddmund Lefdal i IL Bjørn, vart takka av for sin innsats over mange år i langrennskomiteen.


Nytt styre

Finn Årdal frå Jølster Idrettslag vart attvald som leiar av Sogn og Fjordane Skikrins.


Med seg i styret har han nestleiar Hallvard Nygård (Førde), Tonje Norheim (Sogndal), Margot Åsebø (Haugen), Per Asbjørn Felde (Breimsbygda), Tor Arne Hov (Kaupanger) og Henning Sæthre (Sogndal).


 


Les meir om: Nyhende Sport