Skatteoppgjeret: Åtte av ti ligg an til å få att på skatten

59.000 personar i Sogn og Fjordane ligg førebels an til å få skatt til gode på i gjennomsnitt 11.000 kroner. 15.000 personar må betala restskatt på 19.300 kroner i gjennomsnitt.

DEL

Det går fram av ei pressemelding frå Skatteetaten.

Mellom 18. og 31. mars har dei fleste lønstakarar og pensjonistar fått ei heilt ny digital og enklare skattemelding. Næringsdrivande og dei som får skattemeldinga på papir får den i kjent format. Skattemeldinga er førehandsutfylt med mange opplysningar om inntekt, formue, bustad, gjeld og frådrag. Men det er framleis opplysningar du sjølv må fylla inn i skattemeldinga, til dømes ekstra inntekter eller verdiar i andre land.

Tidlegare skatteoppgjer

8 av 10 lønstakarar og pensjonistar ligg an til å få skatt til gode ifølgje den førebelse skatteberekninga.

– Har du skatt til gode og leverer den nye skattemeldinga elektronisk på, kan du få skatteoppgjeret og pengane på konto innan eit par veker etter at du har levert, seier divisjonsdirektør Marta Johanne Gjengedal.

Tidlegare har skatteoppgjeret kome mellom slutten av juni og oktober. Det nye systemet gjer det mogleg å få utbetalt skatt til gode tidlegare, men det er likevel nokre vilkår:

Du har fått ny skattemelding for lønstakarar og pensjonistar.

Du og eventuell ektefelle må trykkja på knappen for å sende inn skattemeldinga.

Du må ha skatt til gode

Skattemeldinga di må ikkje ha blitt tatt ut til kontroll.

– Dersom du må betala restskatt, får du skatteoppgjeret tidlegast i juni. Det gjeld også dei som ikkje sender inn skattemeldinga, det vil seie at du let den bli levert automatisk ved fristen, forklarar divisjonsdirektøren.

Årleg skattesjekk

Skatteetaten får stadig meir informasjon om deg, men du er sjølv ansvarleg for å gje fullstendige opplysningar som blir brukt til å berekne skatten. Du er ansvarleg for at skattemeldinga er fullstendig og korrekt også viss du brukar leveringsfritak.

– Eg oppfordrar alle til å sjekka tala nøye og samanlikna dei med årsoppgåver frå til dømes bank, kommune, arbeidsgjevar og burettslag. Tenk også gjennom om du har ekstra verdiar som skal rapporterast, eller frådrag du har krav på, seier Gjengedal.

– Det er endå enklare å sjekka og endre opplysningar i den nye skattemeldinga. Det kan løna seg å bruka ein halvtime på denne årlege skattesjekken og sørgja for at du har alt på stell, seier divisjonsdirektøren.

Leveringsfrist

Frist for innlevering av skattemeldinga er 30. april for lønstakarar og pensjonistar, og 31. mai for næringsdrivande. Næringsdrivande må levere skattemeldinga elektronisk.

Viss du treng meir tid til å sjekke skattemeldinga di, kan du utsette leveringsfristen automatisk med ein månad ved å søkja på skatteetaten si heimeside.

Artikkeltags