Gå til sidens hovedinnhold

Skatten frå den brune avfallsdunken

Spaltist Denne teksten gir uttrykk for skribenten sine personlege haldningar.

Kva du kan gjere for klimaet, i tillegg til å fly mindre? Ta deg tid til å kaste leverpostei og emballasje kvar for seg – uansett kor ekkelt det er.

Det kjennest annleis å kaste grønsakskrell, muggent brød og gamle middagsrestar i år samanlikna med i fjor – meir formildande, på eit vis. Faktisk tek eg meg i å synast at det våtorganiske boset under kjøkenvasken er mindre fråstøytande enn før. Tyt det ut, trykkjer eg det berre nedi, nesten utan å vemmast.

Biokol i Sogn

Etter at ein kollega gjorde meg merksam at vi i Sogn er litt for sløve med å skilje ut matavfallet, slik at agurken kasta i plastinnpakking må heilt til Sverige for å bli brent, har eg skjerpa meg endå eit hakk. Mat med mugg må no heilt ut av emballasjen, uansett tilstand, medan eg før kunne droppe det, ut av latskap og avsky.

Som stadig fleire i Sogn, har familien sagt opp dunken med brunt lok og slutta å levere matavfall til Simas. No vil vi ha det sjølv! Kvar druekvist og kvar rotne gulrot – alt skal brukast i hagen. Hjelpemidla er enkle: Bokashi-bøtter frå gartneriet og det spesielle mikrobe-strøet med ein silo-aktig snek. Vi må tole litt modningstid på vaskeromsgolvet og ei rask nedgraving i hagen, men så kjem premien: Grapset blir til feit, fin jord, og det overraskande fort. Jorda trengst i den skrinne byggefelthagen, sidan vi, som fleire andre, har fått dilla på å dyrke grønsaker. I lag med fjorårs-talle, grasklipp frå greie naboar og torvfri kompostjord, blir resultatet bra. Faktisk et vi framleis heimedyrka tomat, squash, graskar, jordskokk, bladbete, grønkål og purre i desember.

I Festingdalen, dit boset reiser når drønna frå tømming av dunkane er ferdig for denne gong, er avfallsselskapet vårt på eit liknande spor: No vil dei òg behalde meir av boset sjølv. Simas har lenge kompostert matavfallet som kjem inn, men har dei siste åra fatta større interesse for å foredle kompostproduktet sitt vidare og utnytte meir av det biologisk nedbrytbare avfallet her i Sogn. Vi snakkar om avfall frå hagar og vegkantrydjing, men faktisk òg om sånt som rivingsvirke og kloakkslam.

Med tanke på den dystre klimautviklinga vi står overfor, må både eg og avfallsselskapet gjere vårt for at avfall kan utnyttast betre. Avfallshandtering skapar klimagassutslepp, både frå innsamling, transport og brenning. Det inneber i realiteten å kaste pengar på bålet – eller å betale for å kaste dei på bålet. Simas er fullt klar over det, og har lenge samarbeidd med Vestlandsforsking om smartare bruk av både matavfall og anna nedbrytbart avfall.

Ein laus idé har gjennom utgreiing og utprøving blitt til ein plan med tydelegare konturar, gjennom forskingsprosjektet med det talande namnet «Føniks»: Å lage biokol i Sogn, av bioavfall samla inn i regionen. Vegen blir ikkje like kort som i kjøkenhagen i byggjefeltet, men nesten.

Kva biokol er? Det ser ut som grillkol, men er framstilt i ein spesiell omn. Prosessen heiter pyrolyse, og poenget er å binde karbonet i staden for å sleppe det rett ut, som ved dagens forbrenning av avfallet i Sverige. Ut på andre sida kjem svarte klumpar som er eit nyttig produkt i seg sjølv.

Simas legg nemleg ikkje slike planar berre for å lette på klimasamvitet. Dei svarte klumpane gjer det Stoltenberg ville med den såkalla «månelandinga» for 15 år sidan og det Solberg såg for seg med prosjektet Langskip: binde karbon for å stoppe det frå å nå atmosfæren og bidra til oppvarming av kloden.

I tillegg har biokolet utrulege eigenskapar som kjem godt med i jordbruket: I møte med gjødsel eller kompost vil karbonet inngå kjemisk partnarskap med både fosfor og nitrogen. Dette er stoff planter treng, og i jorda vil ivrige røter snart famle seg fram til biokolet. Der kan dei tappe seg gullkanta dropar fulle av næringsstoff og mineral. Kolklumpane har endå ein funksjon vi ikkje må gløyme: For små mikroorganismar, slike som lever i sunn jord, er biokolet eit reint luksushotell, sidan dei ørsmå holromma i kolet byr på både mat og husly.

For jord er jo ikkje berre jord, slik eg lenge gjekk rundt og trudde. I tillegg til det usynlege livet der nede, varierer kjemien frå området til område. Det heldige for Simas er at jordsmonnet i Sogn viser seg å passe perfekt til biokolet sin kjemi. Viss Simas bestemmer seg for å utvikle eit slikt kortreist, klimavenleg produkt, blir det berre betre av at det passar spesielt til det sandrike, skrinne jordsmonnet vi har fått av brear og elvar gjennom tidene. Vegen til kundane blir med andre ord kort.

Kan det bli betre? Ja, faktisk! Dystert som det jo er, veit vi at klimaendringane vil gjere seg stadig meir gjeldande i landet vårt i åra framover. På Vestlandet kan vi vente oss meir rotete årstider og ei vrien blanding av meir nedbør og fleire tørkeperiodar, pluss meir ekstremvêr. Mot flaum og tørke finst det mange førebyggjande tiltak, og for bønder er eitt av dei faktisk å ta i bruk biokol. Kolet pløyer ein ned i marka, der fleire super-eigenskapar kjem til nytte: Når det er blautt, syg biokolet til seg vatn, om lag slik ein svamp gjer. På motsett vis vil det gje frå seg fukt når jorda blir tørr. Å bruke biokol er altså også ei form for klimatilpassing. Dette fungerer òg fint i vanlege hagar eller i grøntanlegg rundt i kommunane, der ein òg må ruste seg mot både styrtregn, overvatn – og, utruleg nok, tørke.

Kva eg ønskjer meg til jul, i tillegg til snø, glade ungar og gode klimanyheiter? Jo, at alle legg seg i selen når dei står der ved kjøkenbenken med matrestar som må kastast. Om du ikkje tyrstar etter å utnytte bioboset sjølv, hugs at du har eit avfallsselskap som vil det! Så opp i den grøne posen med det, alt som kan bli til jord. Vi kan bidra til å lage gull.

Kommentarer til denne saken