Skalla ned mann på hotell i Sunnfjord

DEL

Den mest alvorlege hendinga politiet har loggført frå Sogn og Fjordane natt til laurdag, er eit slagsmål på Sunnfjord hotell i Førde.

Der barka to rusa menn i 20-åra saman, og politiet fekk melding klokka 00.37.

– Den mistenkte skal ha skalla ned den andre, og det er meldt om lause tenner og kutt i tinningen, seier operasjonsleiar Terje Magnussen i Vest politidistrikt.

Politiet var på staden, den mistenkte vart dimittert, men hendinga blir meldt som kroppskrenking og følgt opp av politiet.

Artikkeltags