Gå til sidens hovedinnhold

Skald gjev ut bok om smakfull eksportvare

Artikkelen er over 2 år gammel

Skald gjev ut bok om klippfiskens bruksområdet og historie.

Klippfisk - 153 oppskrifter fortel ei historie, som boka heiter, er mykje meir enn ei kokebok, heiter det i pressemeldinga frå Leikanger-forlaget.

Oppskrift og historie

Innimellom oppskriftene deler forfattar Trudi Henrydotter Eikrem av sin kunnskap om klippfiskens historie, og den vesentlege rolla denne råvara har hatt i norsk fiskeeksport. Eikrem fortel om ei gryande fiskerinæring, om karrige kystsamfunn og møte mellom menneske frå Kyst-Noreg og den vide verda.Noreg har i fleire hundre år eksportert klippfisk til sørlege strøk. Der har dei ete og elska fisken, og arbeidd fram tallause måtar å bruka den på. Forfattaren vil med denne boka gje ei grundig innføring i å utnytta og handsama klippfisken og dei tilhøyrande råvarene, og gjera lesaren til ein sjølvstendig klippfiskkokk, heiter det i pressemeldinga frå Skald.

Meir enn bacalao

- Eg vaks opp i Ulstein med ein far som var fiskar, men hadde ikkje smakt klippfisk før eg flytta til Portugal som 19-åring, seier Eikrem.- I Noreg snakkar me om vêret, i Portugal snakkar dei om mat, om klippfisk frå Noreg. Eg måtte henta den portugiske kunnskapen om denne råvara heim.- Klippfisk er så mykje meir enn «berre» Bacalao. Eg vil henta fram denne verdifulle råvara frå gløymsla, og visa at det slett ikkje er vanskeleg å laga god mat av klippfisk.

Mange bruksområde

I boka kan ein mellom anna læra å skilja ut ulike kvalitetar, å partera og å lagra fisken, og korleis ein førebur den til omnen, gryta eller grillen. Ein kan få fisken pannesteikt, himmelsendt, i suppe og sufflé, som proteinrik treningsmat og som bollar for kresne barn. Rettane er baserte på over 100 år gamle dokument frå arkiv i Lisboa.Boka er illustrert med bilete av fotograf Vasco Pinhol, og emballasjekunsten er løfta fram i lyset av designer Trude Antonie Øvrebøe.

Kommentarer til denne saken