(Arkivfoto)

Skal øva på brann torsdag - stengjer Røneidstunnelen i to timar

Publisert 16.03.2019 kl. 17.45.

Røneidstunnelen på fylkesveg 55 ved Gaupne blir stengt torsdag 21. mars frå klokka 17.00 til 19.00. Det skriv Statens vegvesen.


Årsaka er brannøving.


- Det blir røyk i tunnelen og ingen kan passera medan øvinga går føre seg. Me ber om orsaking for ulempene stenginga medfører, og ber folk om å planleggja reisene sine før eller etter øvinga, skriv Statens vegvesen.


Les meir om: Nyhende Notis Luster Trafikk