Skal lokalavisa vera gratis?

SOGN AVIS

SOGN AVIS Foto:

Av
DEL

LeiarDet er mange røyster som har ytra seg i ulike fora om at alle mediebedrifter i landet bør gje vekk innhaldet sitt gratis under koronapandemien.

Ein av dei er Finn Egil Holm, direktør for administrasjon og samfunnskontakt i Vestre Viken Helseføretak. Direktøren har uttalt til Dagbladet at viss lokalavisene meiner innhaldet dei lagar er viktig for folk å lesa, så er det gale at folk skal måtte betala for denne informasjonen.

Og det er ikkje berre direktørar med løn frå staten som har heva røysta si om dette temaet den siste tida. Spesielt i kommentarfeltet på Facebook, får lokalavisene mykje pepar for at koronastoffet er plussaker (for abonnentar).

Det er heilt tydeleg at i krisetider veks også behovet for informasjon og for nyhende.

På sognavis.no er viktige fellesnyhende, både nasjonale og lokale, oppdaterte sjukdomstal, råd frå styresmaktene opne og tilgjengeleg for alle. Det er også eit eige livesenter, der me fortløpande har lagt inn smått og stort som har allmenn interesse.

Kort sagt, kritisk og viktig informasjon alle må ha tilgang til, publiserer me gratis på nettet.

Inntektskjeldene til lokalavisa har alltid vore annonsar og abonnentar. For å betala løn, husleige og straum må også me ha inntekter.

Til liks med mange andre private bedrifter, så har også koronasjokket slått inn over Sogn Avis og dei fleste andre lokalaviser.

Annonsemarknaden kollapsa over natta, mange har allereie tapt over 90 prosent av annonseinntektene og ifølgje tal frå Landslaget for lokalaviser (LLA) har kvar fjerde lokalavis allereie sendt ut varsel om permitteringar.

Dette er lokalaviser som har vore viktig lim og lupe i lokalsamfunnet i generasjonar og i løpet av få månader kan det altså vera slutt for mange av dei.

Det kan diverre vera langt færre lokalaviser i landet vårt når koronakrisa er over, likevel er det mange, både direktørar og andre, som meiner at lokalavisa skal gje vekk innhaldet sitt gratis.

Fjoråret var ikkje av det beste for opplagstala til Sogn Avis, men i år har me sett ei flott tilstrøyming av nye abonnentar. Me har tatt store steg for å rusta oss betre for den digitale framtida, og me var heldige som fekk eit konsern i ryggen før koronakrisa slo til.

Håpet vårt er at den positive veksten held fram, for i koronakrisa er det abonnentane våre som må halda liv i lokalavisa. Med manglande annonseinntekter ser me allereie at det er svært tungt å halda alle hjula i gang.

Me har aldri høyrt nokon klaga på at dei må betala når dei kjøper eller abonnerer på papiravisa.

Kvifor skal journalistikken då vera gratis når den kjem i ei digital form?

Artikkeltags