Skal hunden din vera med på biltur – då må du kjenna reglane

HUND: Dei fleste hundeeigarar tar meg seg hunden på køyretur, men ikkje alle er klar over at det potensielt kan vera eit brot på vegtrafikklova, om hunden ikkje er sikra.

HUND: Dei fleste hundeeigarar tar meg seg hunden på køyretur, men ikkje alle er klar over at det potensielt kan vera eit brot på vegtrafikklova, om hunden ikkje er sikra. Foto:

Skal hunden din vera med på biltur skal den vera sikra, sjølv på korte distansar.

DEL

Det er ikkje trygt for hund, sjåfør eller passasjer å ha hunden laus i bilen om noko uventa skulle skje. Ved ein kollisjon i 50km/t kan vekta til ein 20 kilos hund bli 40–50 gonger so tung, og opp mot 800–1000 kilo. Det svarar til vekta til ein vaksen okse. Hunden kan vera årsak til store skadar. Ikkje minst vil det vera svært kritisk for hunden, skriv Agria dyreforsikring i ei pressemelding.

Vegtrafikkloven §3 seier: Før køyringa byrjar, skal føraren forvisse seg om at køyretøyet er i forsvarleg og forskriftsmessig stand og at det er forsvarleg og forskriftsmessig lasta. Han skal sørgje for at køyretøyet også under bruk er i forsvarleg stand og forsvarleg lasta.

Sikringsval

Det finst tre alternativ for sikring av hund i bil. Transportbur, sele og gitter. Fleire testar viser at bur er det beste og tryggaste valet.

Buret bør vera solid og av god kvalitet som er mest mogleg «kollisjonssikkert», helst i aluminium og ikkje samanleggbart. Buret skal ikkje vera for trongt, men heller ikkje for stort. Buret plasserast i bagasjerommet inn mot seta og festast godt fast. Mindre bur kan setjast i fotrommet bak forseta. Legg gjerne inn eit sklisikkert underlag inne i buret, og eit under buret.

Selen fester du i bilbeltet. Hugs at det er meint for baksete, ikkje framsete. Selen skal vera kraftig, mogleg å justera og ha spenner av god kvalitet. Her er det også fint å leggja inn eit sklisikkert underlag under hunden.

Gitter plasserast mellom bakseta og bagasjerommet, og skal vera robust og stabilt. Dette alternativet forhindre hunden i å fare framover, men i gjengjeld kan hunden få større skadar.

Bilsjuk hund

Hundar kan bli bilsjuke. Det beste er å venja hunden til å køyra bil frå valpestadiet. Byrj med korte strekkingar og auk gradvis lengda på turane. Om hunden blir bilsjuk kan du få skrive ut medikament som dempar kvalmen eller reisesjuka hos veterinæren. Det er fordelaktig at hunden ikkje akkurat har ete eller er veldig svolten før du reiser.

Huks at også god luftsirkulasjon i bilen, jamlege pausar og tilby hunden friskt og kaldt vatn undervegs.

Hugsereglar for køyreturar med hund:

  • Bruk bur med sklisikkert underlag både inne i- og under buret.
  • Hugs å lufta hunden regelmessig på lengre turar, og tilby kaldt og friskt vatn.
  • Hugs at hundar kan bli bilsjuke. Rådfør deg med veterinæren om dette er eit vedvarande problem.
  • Ikkje etterlat hunden din i ein parkert bil under varme eller kalde forhold utan å ta naudsynte forholdsreglar.
  • Fest aldri hunden til bilen. Det skjer tragiske ulukker der hundeeigarar gløymer seg og køyrer med hunden fastbunde

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken