Fylkeskommunen og Vestlandsforsking får 2,9 millionar kroner av Regionalt forskingsfond vest til å utvikla nye forvaltingsverktøy for å kartleggja og vurdere korleis klimaendringane leier til spreiing av miljøgifter i elvane, vatna og fjordane våre, går det fram av ei pressemelding frå Vestlandsforsking.- Det har vore for lite merksemd rundt korleis klimaendringar kan auka faren for og skadar av miljøgifter og ureining. Eg gler meg til å auka kunnskapen om dette, og gje forvaltninga nye samhandlingsformer og verktøy for å handtera slike truslar, seier forskar og initiativtakar Torunn G. Hønsi.

Meir nedbør

Klimaendringar vil gje meir nedbør, større erosjon og meir avrenning av næringssalt, organisk materiale og miljøgifter frå både industri, søppelplassar og landbruk. Dette påverkar vasskvaliteten og vassmiljøet. Miljøgifter vert sakte brote ned i naturen, dei kan bli konsentrert i næringskjeder og dei kan spreia seg over store avstandar med havstraum og vind, vert det peika på i pressemeldinga.- Det er difor viktig at forvaltninga samarbeider godt og får meir kunnskap og oversikt over lokale miljøgiftkjelder, fortel Hønsi.

Nye samarbeidsformer

I tett samarbeid med ei nasjonal ekspertgruppe og partnarar på tvers av sektorar og forvaltningsnivå vil prosjektet mellom anna utvikla eit digitalt verktøy for identifisering av lokale miljøgiftkjelder. Denne «miljøgiftkartleggaren» skal gjera det lettare for lokal og regional miljøforvalting å få oversikt over potensielle forureiningskjelde.Prosjektet skal også utvikla metodar for å analysere risikoen for og konsekvensane av spreiing av miljøgifter som følgje av klimaendringar.Styret i Regionalt forskingsfond Vestlandet (RFF Vestlandet) har vedteke å gje 25 millionar kroner til ni nye forskingsprosjekt i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Mellom dei er også eit forskingsprosjekt ved Njøs Næringsutvikling i Leikanger.