Skal få nytt digitalt signalsystem

ARBEID: I januar vil det vera arbeid på Flåm stasjon i forbindelse med at Flåmsbana skal få nytt digitalt signalsystem.

ARBEID: I januar vil det vera arbeid på Flåm stasjon i forbindelse med at Flåmsbana skal få nytt digitalt signalsystem. Foto:

Flåmsbana får nytt digitalt signalsystem i 2023. 

DEL

Det opplyser Bane NOR i ei pressemelding.

– Bane NOR og NRC gjer førebuande arbeid ved Flåm stasjon. Arbeidet starta 13. desember 2020 og vil halda fram til 31. januar 2021, frå klokka 07:00 til 19:00 kvar dag. Næraste naboar er informert via SMS-varsling, blir det opplyst i pressemeldinga.

– I perioden 14–20. januar vil det vera noko avgrensa framkomst ved planovergangen ved Nedre Fretheim. Me brukar gravemaskin og i korte periodar betongsag. Dei næraste naboane kan oppleva noko støy. Me beklagar ulempene dette vil kunne medføra, skriv Bane NOR vidare.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken