– Ja, det har vore stille og roleg i natt, seier Tina Fjeldavli til Sogn Avis tidleg fredag morgon.
Ho har også gode nyhende å kome med for dei som skal ut på vegane fredag når ho tek eit sveip i oversikta sin.
– Det ser stort sett fint ut og me har heller ikkje fått inn melding om at det skal vera spesielt glatt nokon stadar. Det er også meldt greitt vêr utover dagen.
– Gjeld det fjellovergangane også?
– Ja, det skal vera kaldt med minusgrader, men ikkje noko nedbør på fredag.
– Ein fin dag for fredagsutfart also?
– Ja, det ser slik ut, men det endrar seg på laurdag. I alle fall når eg ser på meldingane for Vikafjellet sin del. Der er det meldt mykje nedbør i form av snø både laurdag og søndag. Så skal du over der, er det nok lurt å køyra i dag, er rådet frå Tina Fjeldavli på Vegmeldingsentralen vest.