Skal du på tur i helga? Dette er status på fjellovergangane

OPENT: Slik ser det ut ved Hestavollen på Vikafjellet klokka 6.13 fredag morgon.

OPENT: Slik ser det ut ved Hestavollen på Vikafjellet klokka 6.13 fredag morgon. Foto:

DEL

Vikafjellet er opent. Her er det snø- og isdekke. Klokka 5.34 var det minus 1 grad, svak vind og opphaldsvêr.

Hol - Aurland er opent. Her er det vekslande bart og snø- og isdekke. Klokka 5.40 var det minus 6 grader, svak vind og opphaldsvêr.

Tyin - Årdal er opent. Det er snø- og isdekke. Klokka 6.30 var det minus 1 grad, frisk bris og opphaldsvêr.

Filefjell er opent. Det er snø- og isdekke og fare for glatte parti- Klokka 5.53 var det minus 5 grader, svak vind og opphaldsvêr.

Haukelifjell er opent. Der er det bart og vått. Klokka 5.30 var det minus 1 grad, svak vind og lettskya.

Hardangervidda er open. Her er det snø- og isdekke. Klokka 5.00 var det minus 4 grader, lett bris og opphaldsvêr.

Hemsedalsfjellet er opent. Der er det vekslande bart og snø- og isdekke. Klokka 6.17 var det minus 4 grader, svak vind og opphaldsvêr.

Artikkeltags