Gå til sidens hovedinnhold

Skal du gjennom dette holet frå andre sida og nå ferja bør du planleggja godt

Kolonnekøyring i Fodnestunnelen heile veka, og du bør også bu deg på litt venting om du skal over Hemsedalsfjellet.

Statens vegvesen melder på sine nettsider at det i Fodnestunnelen på riksveg 5 blir manuell dirigering på grunn av vedlikehaldsarbeid i periodane: Måndag til torsdag frå klokka 07:30 til 18:00.

Det er snakk om ventetid på kring 20 minuttar mellom kolonnene, og dette vil vara frå og med måndag morgon til torsdag kveld denne veka.

På rv. 52 over Hemsedalsfjellet er det fjellsikringsarbeid mellom Borlaug og Breistølen, noko som gjer at eitt felt er stengt på ein strekning her. Her er det lysregulering eller manuell dirigering, opplyser Vegtrafikksentralen Vest.

Det er dei ferskaste vegstengingane og trafikkhinder i Sogn; dei andre stadene det er lysregulering, trafikkdirigering eller linande har vore ei stund.

Kommentarer til denne saken