Det er vegarbeid i Fjærlandstunnelen og Frudalstunnelen både onsdag og torsdag. I sistnemnde vil det også vera arbeid fredag.

I Fjærlandstunnelen er det to meldingar frå vegvesenet. Det eine skjer mellom klokka 07:00 og 19:00. Det andre skjer mellom 07:30 og 17:30 onsdag. Torsdag blir det siste avslutta klokka 15:00.

Det er manuell dirigering og inntil 15 minuttar venting.

I Frudalstunnelen vil det vera arbeid frå klokka 11:00 til 20:00 onsdag, og frå klokka 07:00 til 19:00 torsdag. Fredag skjer det mellom 07:00 og 16:00.

Også her er det manuell dirigering og inntil 15 minuttar ventetid.

Her finn du andre vegmeldingar: dette møter deg på vegane i Sogn denne veka.