I tillegg kjem skadar etter stormen som kom i etterkant av ekstremvêret Gyda.
– Tala er førebelse, og forsikringsselskapa melder om at skademeldingane tikkar inn, seier kommunikasjonssjef Stine Neverdal i Finans Norge.
Ekstremvêret har gitt mange flaum- og vass-skadar, medan kraftig vind og storm også har ført til ei rekkje materielle skadar på hus, hytter og næringsbygg dei siste dagane.
Det blir meldt om små og store skadar på tak, mellom anna har vinden gjort skade på driftsbygningar og drivhus.
Det er for tidleg å seie noko om kva skadane vil koste, ifølgje Neverdal.