Sjukepleiar har testa positivt på covid-19

Ein tilsett ved Nordfjord sjukehus har testa positivt på covid-19. Testane til pasientane som har vore i kontakt med den smitta svenske legen, er negative.

DEL

Sist fredag testa ein svensk vikarlege ved Nordfjord sjukehus positivt på koronaviruset. Testresultata for pasientar og tilsette som har hatt nær kontakt med legen blei klare måndag kveld, skriv Helse Førde i ei pressemelding.

Ein sjukepleiar som jobba saman med den svenske legen på ei vakt, har testa positivt. Sjukepleiaren er i heimekarantene frå måndag kveld. Dei som vart sette i karantene før helga er no testa, bortsett frå ein tilsett.

Gjekk vakter

Etter det sannsynlege smittetidspunktet, vakta då sjukepleiaren og legen arbeidde saman, gjekk sjukepleiaren ytterlegare to vakter på sengeposten. Dette gjer at nokre fleire pasientar som var inneliggjande på desse vaktene må isolerast på einerom og testast.

– Arbeidet med å spora pasientar og tilsette som sjukepleiaren har hatt kontakt, med starta i går kveld. Det blir også gjort tiltak for å avgrensa ytterlegare smittespreiing, seier direktør for medisinsk klinikk, Trine Hunskår Vingsnes.

Fleire kan vera smitta

Helse Førde kan ikkje sjå vekk frå at fleire kan ha blitt smitta og komma til å testa positivt seinare. Nordfjord sjukehus er framleis stengt for nye innleggingar på sengepost og overføring av pasientar frå andre sjukehus.

Pasientar frå Nordfjord som treng sjukehusinnlegging vert lagde inn ved Førde sentralsjukehus. Aktiviteten på poliklinikkar, God start-eininga og dialysen går som før. Det same gjeld den kommunale legevakta som er lokalisert til sjukehuset.

Artikkeltags